Pewarta Proxy

📋 Server Request & Proxy Logs

Loading active proxy settings...
Developed by Khairul Adha (adhexa.id)
Mengambil log server...

⚙️ Pengaturan Proxy Target

Hopp til innhald

Quebec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For byen, sjå Québec
Québec
Quebec
provins
Flagg
Symbol
Motto: Je me souviens ('Eg kjem i hug')
Land  Canada
Hovudstad Québec
Største by Montréal
Areal 1 542 056 km²
Folketal 8 501 833 (2021)[1]
Grunnlagd 1. juli 1867
Språk fransk
Kart
Quebec
52°N 72°W / 52°N 72°W / 52; -72
Kart som viser Quebec.
Kart som viser Quebec.
Kart som viser Quebec.
Wikimedia Commons: Quebec

Québec (fransk [kʰeˈbɛk] høyrⓘ) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Québec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær St. Lawrence-elva. Han grensar til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.

Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen. Québec vert difor sett på som ein eigen nasjon internt i Canada.

Samuel de Champlain.

Ordet quebec – som betyr 'der elva smalnar' på algonkinsk – vart brukt av algonkin-, cree og mi'kmaq-folk for å visa til innsnevringen av St. Lawrence-elva ved Cap Diamant, grunnleggarstaden til byen Québec (3. juli 1608) og «byrjinga av landet og provinsen Canada» (7. september 1535).[2] I 1632 beskreiv Samuel de Champlain staden slik: «[…] eit sund i elva, som indianarane seier […].»[3] Namnet er attestert med ulike stavemåtar: Qvebecq i 1601;[4] Quebeck eller Kébec i 1609;[5] Québec i 1613.[6] og Kebbek[7]

  1. ↑ «Canadas folketelling 2021» (på fransk). Henta 18. august 2022.
  2. ↑ Jacques Cartier (1535). Brief recit de la navigation faicte es ysles de Canada. s. 25.
  3. ↑ William B. Hamilton (1978). The Macmillan book of Canadian place names. Toronto: Macmillan of Canada. s. 225.
  4. ↑ Guillaume Levasseur de Beauplan. «Carte de l'océan Atlantique, 1601» (på fransk).
  5. ↑ Marc Lescarbot (1609). Histoire de la Nouvelle-France,. Paris: chez Jean Milot.
  6. ↑ de Champlain, Samuel (1925-01), The Works of Samuel de Champlain: 1608-1613, Champlain Society, ISBN 978-0-8020-1760-4, henta 2020-11-27 {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  7. ↑ Gaudreau, Guy, 1953- (1999), Les récoltes des forêts publiques au Québec et en Ontario, 1840-1900, McGill-Queen's University Press, ISBN 978-0-7735-6742-9, OCLC 181843638, henta 27. november 2020{{citation}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) CS1 maint: numeric names: authors list (link)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Quebec